//weheartit
Kvart menneskje har ein lidenskap for eit eller anna vil eg tru, om det er ein sport eller om det er noko kreativt. Det kan vere kva som helst, det kan vere ein lidenskap for dans eller liden skap for mote og makeup. Og ein lidenskap skal du få ha uansett kjønn, farge eller ’rase’. Uansett om du er 10 år eller 50år, ingen skal kunne sei – ”Nei, detta kan ikkje du like”
Så eg veit ikkje om eg kan kalle at eg har ein lidenskap for fotball, for eg spelar ikkje fotball, men eg er ein supporter. Eg ser på fotball, eg ser sjølv om det ikkje er mine lag som spelar, eg blir engasjert av fotball, eg blir sur, sint og glad av fotball. Eg har eit rom som man skulle tru var eit guterom. Så ja, trur eg har ein liten lidenskap for fotball. Men så møter eg nokon som seier ”Fotball er for mannfolk”. Har han rett? I følgje meg har han ikkje det.
Skal vi jenter/kvinner nekte alle gutar å bli frisørar eller makeup-artisar berre fordi det er litt meir jentete enn gutete. Nei, det er noko folk skal få bestemme sjølv.



Fotball er for begge kjønn! Og, viss ikkje jenter har lov å like fotball, har ikkje gutar lov til å like jentete ting – altså; gay? NO WAY! Haha
Uansett, Jan Thomas burde legge seg då. Din lidenskap!